mandag 27. august 2012

Ruitertassen

Har lenge vore på jakt etter ei jobbveske, sjekka nettet opp og i mente. Plutseleg kom den over meg som ein openbaring - Ruitertassen school bag. FFantastisk flott, skikkelig retro og gammaldags. Nett som eg ønskjer meg.

Minuset er at ingen i Norge forhanlder dette merket, dermed må eg  bestille frå Belgia - http://www.zangra.com/prod.php?subcat=1&lang=en&cat=8

Kom over ein som hadde forhandla veskene tidlegare, og han skulle sjå kva han kunne få til.

Klarer ikkje å bestemme meg for om eg skal ha brun eller svart. Fornuften seier svart, mens lysten seier brun.



At ein av dei blir mi nye jobbveske, med plass til bøker, pc og andre nyttinge jobbrealterte ting, er 100 % sikkert. Er lærar, så eg treng med andre ord ei STOOOR veske, som endå viktigare, ikkje dett saman når eg sett en frå meg.

søndag 26. august 2012

Brødbaking


Denne oppskriften må du prøve, sunt og godt.

Du trenger:
ca. 1 kg mjøl
5 dl grov, samalt hvete
2 dl solsikkefrø
3 dl linfrø
1 dl havregryn
12 dl vann
1 ss sirup
1 ts salt
2 ss olivenolje
2 pakker tørrgjær

Slik gjer du:
  1. Kok opp solsikkefrø, linfrø, havregryn og olje i 7 dl vann. Det skal bli ein tjukk grøt.
  2. Mål opp 5 dl vann i ei stor bolle. Tøm den varme grøten i, og bland det godt sammen.Blandingen skal vera ca. 45 grader.
  3. Bland tørrgjær med grov samalt hvete, og rør dette inn i grøten. Ha i mjøl til passe deig.
  4. La deigen heve i 30 min
  5. Form så til 3 brød som legges i smurte former, og la dei heve ca 30 min
  6. Steikes 45 min i 220 grader (alle på ein gang)
  7. Avkjøl på rist



onsdag 8. august 2012

Michael Kors Hamilton large tote

Hyler av glede, veska som eg har sikla etter lenge, er om få veker mi.

Ingen over, ingen under... Fantastisk lekker, både i farge og i fasong.

søndag 5. august 2012

Ryvarden fyr

Fantastisk flott vei å gå, nydelig utsikt og været var med oss. Slo i hjel 4 timar.

I vår var det lyng og grassbrann i dette området, noko me tydelig kunne sjå. Dei to minste hadde mange rare spørsmål, og hadde vanskelig med å forstå. Fortalte kort at det var turistar som hadde koka seg kaffi på ein primus, og at den antagelig hadde velta ved eit uhel og at flammane då hadde spredt seg i det tørre graset. 


Siste stoppested før Ryvarden fyr var minnesmerket til dei omkomne i Sleipnerulykka nov -99 der 16 mennesker døde. 
Også her vart det mange spørsmål om kva som hadde skjedd, og korleis dei hadde fått båten opp og kven
som hadde redda dei som låg i sjøen. 

 Vel framme vart det tid is og avslapping, før me tusla oss på vei heim igjen.


Ein vellykka tur vart me alle enige om !

fredag 3. august 2012

Snipp, snapp, snare

Endelig.. etter timar med montering, feilmontering, feilkløpping osv, så er genseren ferdig. Og gjett om tøttå e fornøgd. Passa perfekt, og glede meg ihjel t å bruka den.


Skal strikka meg ein i brunt også, med litt forandringar må jo alltid til. Har ei venninda som har bestilt den, men eg veit ikkje om det blir tid.

torsdag 2. august 2012

Gavebok

Til glede og inspirasjon, ulike hendelser og følelser i livet, av Helen Exley - Hermons Forlag.


Nadine Stair
"Hvis jeg kunne leve livet om igjen... hadde jeg våget å begå flere feil.
Jeg hadde slappet av, varmet opp.
Jeg hadde vært mer fjollete enn jeg har vært på denne turen.
Jeg hadde tatt færre ting like alvorlig.
Jeg hadde tatt flere sjangser.
Jeg hadde reist mer, besteget flere fjell og svømt i flere elver"

tirsdag 31. juli 2012

Tidsfordriv

Kva gjer ein når det tordnar og lyner, og ongane har sommarferie??

Jo, då tar eg strikket med meg og kjører til Metro Lekeland i Haugesund. Var tydeligvis ikkje bere eg som hadde tenkt den tanken i dag.


Ingenting er så avslappandes som å sitje der. Ongane "seilar sin eigen sjø", mens eg strikker og les.
Fantastisk herlig.

Strikker "by the way" på ein genser som eg ikkje har oppskrift til. Litt prøv og feil, men no nermar den seg ferdig. Håpar den blir brukandes.

Viser bilder når den er ferdig.